tirsdag 8. mai 2012

Eksamensblomst :-)


I morgon har eg eksamen i studiet eg tar no i vår: ”Språket i variasjon og utvikling” - og no går det for fullt i lesing. I går satt eg på biblioteket på Høgskulen frå 08-16:30 - og då klokka passerte åtte i dag var eg på plass igjen. Her går det i språkhistorie, dialektar, sosiolingvistikk og norsk som andrespråk: med andre ord: nok å halde styr på 

På fredag fekk eg ei koseleg helsing frå ein god kollega: ein blom i ei ”korg” med teksten ”vår” skriven på. Det var veldig hyggeleg! På lappen som var med, sto det: ”Lykke til med lesing, pauser, spising og eksamen”. Eg seier nemleg til elevane på skulen der eg arbeider at dei på ta gode pausar og ete godt i tentamen/eksamenstida, så no må eg sjølv passe på å gjere det... Heime er det lett å ta litt for mange pausar, derfor sit eg på Høgskulen desse to dagane. 

No har eg ikkje tid å skrive meir her, språkreformene frå 1900-talet ventar. 

Ha ein god dag!

(nynorsk i dag - i og med at eksamen skal skrivast på nynorsk - utan hjelpemiddel...)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Har du spørsmål, tilbakemelding, tips - eller annet å komme med så legg gjerne igjen en kommentar! Du kan og sende meg en e-post tovejohansen62@gmail.com